Tett ved sida mi går Jesus. Alltid vil han vera der.
Eg treng ikkje gå og ottast. Når eg fylgjer Jesus her.
Han på vegen vil meg vakta. Så eg ikkje går meg vill.
Å, kor godt det er for barnet. Å få høyra Jesus til.
Tett ved sida mi går Jesus. Alltid vil han vera der.
Eg treng ikkje gå og ottast. Når eg fylgjer Jesus her.
Han som er den gode hyrding. Tek mi vesle, veike hand.
Dag for dag han trofast leider. Meg til himlens lyse land.
Tett ved sida mi går Jesus. Å, kor eg er sæl og fri.
Som kan jubla ut i lovsong: Eg er han til evig tid!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Tusen takk for at du vil legge inn en kommentar, bare spør om du lurer på noe :)